Påmelding skjer ved å betale inn 500 kroner på følgande kontonummer:3745 3094228. Fristen er 1.september. Workshopen føregår laurdag den 30. september på Abu, og kursleiar er som tidlegare nemnt Siw Aduvill. Vi startar klokka 10.00. Klokka 12 -14 er det pause, mange vil ønske å ete varm suppe hos Mariannes kafe og bakeri, i pausa, andre ynskjer kanskje å ta med seg mat og drikke. Frå 14-16 held kurset fram. Påmeldinga er bindande, og denne får du bekrefta ved innbetaling. Vi har 23 plassar på workshopen og har i tillegg ei ventelisteordning som vert lagt ut på denne gruppa seinare. Denne kan du melde deg på om du ikkje får plass i første omgang. Du må merke innbetalinga med namn og mobilnummer, slik at vi kan kontakte deg for plassbekrefting. Om du har yogamatte, ta denne med deg. Lurt å ha gode romslege klede, gjerne varme sokkar og gensar i tillegg om du skulle bli kald. Har du eit teppe og ei pute du kan ta med, hadde det vore fint. Har også til utlåns om du skulle trenge det. Velkommen til ei ny oppleving ein laurdag i september:) Gledar oss! Helsing Siw , Anne Marie og Kjersti